Bokprat: Therese Tungen "Den andre sida av elva"
Sted
Ås bibliotek Ås bibliotek 1430 ÅsBilletter
Beskrivelse
Hør Therese Tungen fortelle om sin nye roman "Den andre sida av elva".
Da Karnanne sitt liv i Oslo raknar, dreg ho frå ektemannen og attende til bygda ho kjem frå. Den same staden ho rømte frå 16 år gamal, etter at systera Alicia vart funnen død i elva.
Ho flyttar inn i huset til faren og les opp att dei gamle segnene om ungjenter som vart tatt av berget, dei som ho studerte for mange år sidan. Men såra frå fortida opnar seg på nytt. Karnanne anar etter kvart at fleire veit meir om dødsfallet enn det dei har sagt. Kanskje døydde ikkje systera på grunn av eit uhell. Folk i bygda er framleis prega av det som hende, og ikkje alle liker at Karnanne er attende og stiller spørsmål. Finst det nokon ho kan stole på?
Therese Tungen kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho har jobba som forlagsredaktør, har vore litteraturmeldar i Morgenbladet og Klassekampen, og er nå leiar for Samlaget og Minotenk sin Forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule. Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Boka fekk strålande mottaking og ble nominert til Ungdommens kritikerpris. Ho vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. I 2019 utkom hennar andre novellesamling, Kjærleik og det som liknar. Den fekk glimrande kritikkar og vart nominert til EUs litteraturpris 2020. Våren 2022 kom den sjølvbiografiske Snu deg. Edvins bok. Våren 2026 er ho aktuell med romanen Den andre sida av elva.
Omtale Aschehoug forlag
Foto: Agnete Brun
Velkommen!
Arrangør
Ås bibliotek
Kontakt
Tlf.: 64962372 Nettside