Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Tilbake til oversikten

Eldar Heide: Urgardsteorien

Plakat Eldar Heide: Urgardsteorien

Sted

Ås bibliotek Moerveien 1 1430 Ås
Vis på kart

Billetter

Pr.person 100,00

Beskrivelse

Ås mållag og Ås historielag inviterer til møte i Ås bibliotek tysdag 13. januar:

Ur-garden - fantasi eller røyndom?
Kor gamle er gardsnamna våre? Klarer vi å kople gamle gardsnamn saman med arkeologiske funn av gardsanlegg? Tja. Ein teori seier at den fyrste garden i ei bygd var som ein vedkubbe som vart kløyvd i mindre og mindre bruk, slik vi ofte ser i gardsnamn: Ås vart delt i Sørås og Norderås, osb. Då har vi funne den eldste garden når vi har funne det eldste gardsnamnet. Dette er teorien om urgarden, som særleg vart utvikla av Trygve Vik på 1970-talet i bygdeboka for Ås. Den er problematisk og har fått hard kritikk frå arkeologar. Men kanskje kan vi berge ideen likevel, i ein kombinert modell. Urgarden er eit sentralt spørsmål i norsk og nordisk namnegransking og arkeologi. Døme i føredraget blir mest henta frå Ås og omland.

Eldar Heide er frå Ås og jobbar i Bergen som professor i norsk på Høgskulen på Vestlandet. Han er dr.art. i norrøn filologi. Han gjev ut podkasten Tru og meining i gammal tid.

Det blir kaffi og sveler frå 18:30

Foredrag frå 19:00

Inngangspengar 100,-

Arr: Ås mållag og Ås historielag

Arrangør

Ås mållag, Ås historielag, Ås bibliotek

Kontakt

Tlf.: 64962372 Nettside